Forsiden/Prosjekter/Pårørende og frivillige
Vafler

Frivillige i omsorgsbustad

Frivillige aktørar skapar samlingsplass for bebuarar ved omsorgsbustad i Førde

Om prosjektet

Prosjektleder: Therese Veimo (therese.veimo@forde.kommune.no)

Status: Avsluttet

Periode: 2012-2013

Hensikt og mål

I 2012 vart det bygd ny omsorgsbustad med plass til om lag 30 bebuarar sentralt i Førde. Dei nyleg innflytta bebuarane kom frå heile kommunen og hadde lite eller ingen kjennskap til verken naboen sin eller omgjevnadane.

Målet var å skape ein fellesarena for bebuarane slik at dei vart kjende med kvarandre og kunne ta initiativ til å treffast meir uformelt.

Tiltak og gjennomføring

Bebuarane i den nye omsorgsbustaden vert invitert til kaffi og sosialt samvær i eit av fellesromma annankvar onsdags ettermiddag. Etter ein prøveperiode der kommunalt tilsette har arrangert samlinga saman med ein frivillig, er det no to frivillige som står for opplegget. Frivillighetssentralen koordinerer og har kontakt med kommunen i høve gjensidig informasjonsutveksling.

  • Bebuarane får informasjon om tidspunkt for samlingane
  • Frivillige og/eller tilsette i heimetenesta som server omsorgsbustaden hjelper bebuarane som treng følgje til og frå fellesrommet
  • Frivillige planlegg og gjennomfører; koker kaffi, steiker vaflar, arrangerer sang eller gjere andre aktivitetar. Nokre gangar ynskjer bebuarane berre å prate med kvarandre.
  • Frivillige kan vere tilknytt Frivillighetssentralen, vere pårørande, vere innvandrarar frå asylmottaket eller andre interesserte. Koordinator ved Frivillighetssentralen har kontakt og oppfølging med alle frivillige.


Bebuarane vart invitert til dialogmøte før oppstart for å sei noko om kva dei kunne tenke seg av aktivitetar, tidspunkt for arrangement osv . Brukarmedverknad har stort fokus i dette prosjektet.

Resultater

Bebuarane seier dei har vorte betre kjent med naboane sine, nokre tek kontakt med kvarandre uavhengig avarrangementet.

Tips en venn Skriv ut