Forsiden/Forskning
ThinkstockPhotos-852040268

KONTAKTnett

Nettverksverktøy til personar med demens, og deira pårørande. Innovasjonsprosjekt der målsetjinga er å lage eit IKT- støtta verktøy for kommunikasjon, nettverksbygging og læring. Utvikling av IKT verktøy for kunnskap, informasjon og samhandling mellom personar med demens, deira nettverk og offentlege /private teneste.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane, samarbeidspartner.
Kontakt: Elin Sørbotten Elin-therese.sorbotten@forde.kommune.no

Førde kommune, prosjekteigar.
Kontakt HVL- prosjektleiar Siri Ytrehus, Siri.Ytrehus@hvl.no

Finansieringskilde: Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Status: Pågående

Periode: 2017-2020

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

Demensplan 2020 framhevar at kunnskap og informasjon i tidlig fase kan forbetre situasjonen for personar med demens og deira pårørande. Merksemd på samarbeid, kunnskap og informasjon vert viktig for framtida.

Ein fast struktur for tidleg kunnskap og informasjon til heile det personlege nettverket vil gjere samarbeid og avlastning innad i nettverket lettare gjennom heile omsorgsforløpet. Nettverksverktøyet som her skal utviklast vil bidra til dette og vil vere tilpassa nettverks-medlemmar som er geografisk spredt og vil gjere «samarbeid og omsorg på avstand» enklare.

Verktøyet vil fremje involvering, aktivisering og samarbeid gjennom å tilby brukarvennleg og tilgjengeleg kunnskap og  informasjon.   

Mål

Hovudmålsettinga med prosjektet er å bidra inn mot eit bærekraftig samfunn der den offentlege og den private omsorga saman kan skape trygge og gode vilkår for personar med demens. 

Effektmålet er å utvikle eit nyskapande  IKT- støtta verktøy for nettverksbygging, læring og kommunikasjon blant pårørande til personar med demens. Verktøyet kan truleg overførast til andre brukargrupper.

Tiltak og gjennomføring

Prosjektet er delt inn i 4 delmål:

Fase 1.  «Nettverks-testament». Identifisere nettverket og kva rolle nettverket kan spele.
Fase 2. Utvikle retningslinjer og ein struktur for informasjons- og kunnskapsformidling «på avstand».            
Fase 3. Designe og utvikle prototyp.
Fase 4. Utprøving og evaluering av prototyp

Haust 2017Vår 2018

Fase 1:

  • Informere og spreie kunnskap om prosjektet
  • rekruttere informantar: personar med demens i tidleg fase og pårørande til personar med demens
  • Gjennomføre kvalitative intervju for å gjere ei nettverkskartlegging

Verktøy/materiell

IKT-verktøy (applikasjon)

Erfaringer

Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?

Erfaringar med å rekruttere informantar frå ei sårbar gruppe.

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?

  • Bruke media lokalt til å spreie informasjon både nettsider i kommunane, og lokale aviser.
  • Innlegg på møter/konferansar lokalt, regionalt, nasjonalt .
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida. 
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra  

Samarbeidspartnere

Førde kommune,  Høgskulen på Vestlandet (HVL), Conexus og Norsk Regnesentral.

Kommunane Gaular, Jølster,  Naustdal, Eid, Luster og Flora har vore deltakande for å innhente informantar. 

 

Tips en venn Skriv ut