Forsiden/Prosjekter/Demens
eldre mann med briller

Kvalitet og kontinuitet i omsorg for personar med demens og deira pårørande

Pårørandeskule / temakveldar, undervisning og rettleiing til helsepersonell, vakttelefon for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens.

Om prosjektet

Prosjektleder: Lisbet Hatlestad, leiar i demensteamet

Status: Avsluttet

Periode: 2006-2012

Finansiering

USHT Sogn og Fjordane

Samarbeidspartnere

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimeteneste, Sogn og Fjordane ved høgskulelektor Toril Midtbø

Bakgrunn for prosjektet

I Rapport IS-1486 ”Glemsk, men ikke glemt” framkommer det at dagens omsorgstenester korkje er utbygde eller tilrettelagte for menneske med demens. Demografiske framskrivingar viser at som følgje av auka levealder og endra alderssamansetning i befolkninga vil tal personar med demens auke vesentleg i åra som kjem.

Demensomsorg har med bakgrunn i dette vore ei viktig satsing i Førde kommune i fleire år.

Satsinga omfattar tre delprosjekt:

  • Demensteam
  • Etablering av ei ressursgruppe for perosnar med demens og deira pårørande i heimetenesta
  • Demensomsorgas ABC

Mål

  • å sikre kvalitet og kontinuitet i omsorg for personar med demens, og å styrke dei pårørande.

Gjennomføring og resultater

Demensteamet sitt tilbod er retta mot personar som er råka av demenssjukdom, pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, og helsepersonell.

Tilbodet omfattar:

  • Utvikle rutinar knytt til kartlegging i samarbeid med legetenesta, og å gjennomføre kartleggingsbesøk - Vere tilgjengeleg for støttesamtalar, råd og rettleiing til pårørande
  • Arrangere pårørandeskule / temakveldar for pårørande til personar med demens
  • Vere ein ressurs for / tilby undervisning og rettleiing til helsepersonell
  • Betjene vakttelefon kvardagar mellom 10-15, for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens

Målet er å betre kvaliteten på samværet med personar med demens, og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.

Ressursgruppa i heimetenesta arbeider spesielt med kvalitet og kontinuitet i tilbodet til heimebuande personar med demens og deira pårørande.

Dei har mellom anna utvikla rutine og verktøy for bruk i oppfølgjing av personar med demens, samt arbeidd med å implemetere desse rutinene i heimetenesta.

Til våren vil ressursgruppa utvide eksisterande prosjekt til å gjelde eit måltidsfellesskap og aktivitetstilbod i form av dagtilbod. Målgruppa er demente brukarar som bur heime.

Som eit ledd i satsinga på kompetanseheving starta Førde kommune, saman med tre nærliggande kommunar, opp med Demensomsorgas ABC hausten 2010. USHT, Sogn og Fjordane har i tillegg som samarbeidspart til Aldring og Helse arrangert eitt oppstartsseminar. Denne satsinga vil halde fram i 2011.

Skjerma eining ved Førde Helsetun…

Spredning

Sjå nettsida til Utviklingssenter for sjukeheimar og heimeteneste, Sogn og Fjordan -

www.fordeutviklingssenter.no
Tips en venn Skriv ut