Forsiden/Aktiviteter/Læringsnettverk
Mann holder rundt eldre pasient

Leiing av pasienttryggleik

Etablere læringsnettverk for  leiarar i sjukeheim og heimetenester der fokus er leiing av pasienttryggleiksarbeid.

Om prosjektet

Prosjektleder: Berit.ullebust@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2017-2018

Bakgrunn

For å lukkast med pasienttryggleiksarbeid er det viktig med god kompetanse og leiarforankring på alle nivå. Utviklingsenteret har derfor forankra pasienttryggleiksarbeidet hos kommunalsjefar i fylket, og starta opp læringsnettverk for leiarar i sjukeheim og heimetenester.

Mål

Etablere kultur  og fora for å arbeide med pasienttryggleik i kommunar, ved hjelp av praksisnære metodar og verkty .

Metode / tiltak

Utviklingssenteret  fasiliterar og rettleiar læringsnettverket. Det vil vere fokus på erfaringsdeling, samt å tilpasse tiltaka i innsatsområdet for leiing av pasienttryggleik til tenestene sin kontekst. Læringsnettverket består av tre samlingar over seks månader med oppfølging, og videomøter mellom samlingane.

Verktøy / materiell

Kompendium med praktiske verkty for leiarar i kommunal helse- og omsorgsteneste.

Det er i samarbeid med Senter for omsorgsforskning, Vest og Utviklingssenteret i Hordaland, planlagt evaluering av utviklingssenteret si rolle for læringsnettverket. Vidare er det planer om publisering av resultata.

Samarbeidspartnere

Leiarar for pleie og omsorgstenestene i Sogn og Fjordane, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.

Tips en venn Skriv ut