Forsiden/Forskning
polyfon

POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi

Kunnskapsklynga POLYFON skal stimulere til kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, samt informasjon og formidling. Kunnskapsklynga består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø som ser at musikkterapi kan bidra til inkludering, deltaking og meir ressurs- og brukarorienterte tenester, og som ynskjer å bidra til utvikling av feltet på ein systematisk og kunnskapsbasert måte. Sogn og Fjordane deltek i POLYFON gjennom eit partssamarbeid mellom fylkeskommunen, helseføretaket, høgskulen og utviklingssenteret.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane, samarbeidspart
Ansvarleg: UiB, Griegakademiet. Prosjektleiar: professor Brynjulf Stige

Finansieringskilde: Partnarane finansierar drift og nettverkskostnader. GC Rieber Fondene bidrog med vesentlige beløp til finansiering av forsking og utviklingsarbeid i POLYFONs første prosjektperiode.

Prosjektleder: Marta Strandos mast@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2015-2020

Foto: Skjermbilde gamut.w.uib.no/polyfon/

Bakgrunn

POLYFON vart etablert i 2015 og går no inn i sin andre prosjektperiode. Dei fire samarbeidspartnarane i fylket har hatt status som observerande deltakar januar 2015,  men vart frå november 2017 fullverdig medlem av kunnskapsklynga.

Les meir om POLYFON her: https://gamut.w.uib.no/polyfon/

Mål

Målet for prosjektet er å bygge Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan musikkterapi. Griegakademiet ved Universitet i Bergen er prosjektleiar. 

Metode / tiltak

Griegakademiet, UiB, koordinerer arbeidet i klynga.

Polyfon har fem satsingsområde:

  • Barn og unge
  • Psykisk helse
  • Rus
  • Eldrehelse
  • Palliativ omsorg

I partssamarbeidet i Sogn og Fjordane i 2018:

  • Organisere samarbeidet og velje representant til styringsgruppa
  • Arbeide vidare med den lokale fagplanen (aktivitetar knytt til dei fire organisasjonane)
  • POLYFON konferansen 2018

Samarbeidspartnere

  • Aleris Omsorg Norge
  • Bergen kommune
  • Betanien sykehus
  • Fjell kommune
  • Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus
  • Helse Bergen
  • NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
  • Partssamarbeid Sogn og Fjordane (Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (Fakultet for helse- og sosialfag) og Utviklingssenteret for heimetenester og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane)
  • RKBU Vest – Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Uni Research Helse
  • Stiftelsen Bergensklinikkene,
  • Uni Research Helse.

 

Tips en venn Skriv ut