Forsiden/Forskning
Illustrasjonsbilde Thinkstock

SAFE- LEAD: Leiing av kvalitet og tryggleik i kommunehelsetenesta

Leiarar i fire sjukeheimar og fire heimetenester er rekruttert  til å teste ut ein guide for leiing av kvalitetsarbeid.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane er samarbeidspart.
Ansvarleg: Universitetet i Stavanger

Finansieringskilde: Norsk forskingsråd

Prosjektleder: Berit.ullebust@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2016-2020

Bakgrunn

Leirarar i sjukeheim og heimetenester manglar gode verkty i kvalitets- og tryggleiksarbeid. Dette vil SAFE-LEAD prosjektet gjere noko med.

Mål

Målet er å utvikle, teste og implementere eit forskingsbasert kvalitets- og tryggleiksverkty for å auke leiarkompetanse og støtte forbetringsarbeid i kommunehelsetenesta.

Metode / tiltak

Hovudintervensjonen til prosjektet er to-delt. Alle einingar skal delta i steg 1, der leiarar og deira team skal bruke SAFE-LEAD guiden. Dei utfører ei sjølv-diagnostisering av dagens kvalitets- og tryggleiksarbeid. Forskarar og samarbeidspartar deltek og fasiliterar gruppediskusjonane. Fire einingar skal delta i steg 2, og vil få ein meir omfattande intervensjon med sterkare grad av forskarinvolvering.

Verktøy / materiell

  • Opplæringsfilm, og forskingsbasert guide i papir- og webversjon
  • Guide som er tilpassa den norske kommunehelsetenesta og leiarar av kvalitets- og tryggleiksarbeid.
  • Sluttrapport og forskingsartikkel

Erfaringer

På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?

Rekrutterte einingar vil få hjelp av forskarar til å arbeide aktivt med eit nytt verkty, som kan støtte arbeidet med kvalitet og tryggleik. Vidare vil dei få klare mål og tilbakemelding på korleis organisasjonen arbeider og forbetrar seg undervegs i prosjektet.

Samarbeidspartnere

Universitetet i Stavanger, Utviklingssenteret i Rogaland og Sogn og Fjordane, Songdalen kommune, Askvoll kommune og Sandnes kommune, Helsedirektoratet v/Pasient -og brukarombodet i Vestfold, brukerrepresentant, samt ERASMUS University, Nederland

Tips en venn Skriv ut