Forsiden/Prosjekter/Elever, lærlinger, studenter
En ung mann med skolesekk

Ungdommar - ein ressurs i eldreomsorga

Førde Helsetun og utviklingssenteret tek imot mange elevar frå ungdomsskulane i faget utdanningsval. Det vert laga program for elevane med  fokus på aktivitetar og samvær med bebuarane. Elevane får ei innføring i korleis det er å arbeide i eldreomsorga, og vert kopla opp mot tilgjengelege ressursar og det vert laga planar i tråd med kva aktivitetar som skjer på sjukeheimen og i nærmiljøet i det aktuelle tidsrommet.

Om prosjektet

Prosjektleder: Kari Valle

Status: Avsluttet

Periode: Kontinuerlig utviklingsarbeid

Vi står føre ei stor utfordring når det gjeld å dekke behovet for arbeidskraft i eldreomsorga i åra framover. Talet elevar som utdannar seg til helsefaglege yrker er for lågt.

Mål og hensikt

  • Auka rekruttering til helsefaglege utdanningar og inspirere og motivere elevar til å velje helsefaglege utdanningar.
  • Tilrettelegge for gode samhandlingsarena mellom elevar frå ungdomskulane og bebuarar ved sjukeheimen.

Tiltak og gjennomføring

  • Utarbeidd system og planar for rekruttering, mottak og oppfølging av elevar som kjem i praksis.
  • Tiltak og gjennomføring er skildra i rapport «Ungdommar – ein ressurs i eldreomsorga»

Resultat

  • Auka tal på elevar som ynskjer praksis på sjukeheim
  • Auka søkjartal til Helsefaglege utdanningar
  • Fleire og varierte aktivitetstilbod for bebuarar ved sjukeheimen

Samarbeidspartnere

  • Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane/vidaregåande skule
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Ungdomsskular i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster
Tips en venn Skriv ut