En eldre hånd og en datamaskin

Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane

Dette er eit pågåande prosjekt. I fase I vart det etablert eit felles kunnskapsgrunnlag og samarbeidsforum for velferdsteknologi  i Sogn og Fjordane. Dette vart vidareført i fase II, der fleire kommunar starta utprøving av teknologi. I fase III har kommunane gått frå prosjekt og pilotar til dei første operative løysingane. I fase 4 har ein m.a. hatt fokus på responssenterløysing og arbeid knytt til roller, ansvar og rutinar.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester, Sogn og Fjordane

Prosjektleder: Marta Strandos marta.strandos@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2014 -

Bakgrunn

I 2014 tok USHT Sogn og Fjordane initiativ til eit samarbeid med aktuelle fagmiljø og kommunar, med bakgrunn i at ingen av kommunane i Sogn og Fjordane kom med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet.

Kommunane og fleire fagmiljø viste interesse for å arbeide med velferdsteknologi og det vart etablert ei prosjektgruppe under IT-Forum i fylket.

Mål

Hovudmål: Å etablere kunnskaps- og erfaringsgrunnlag for å støtte planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene i kommunane i fylket.

Dette skal realiserast gjennom fleire delprosjekt.

Metode og tiltak

Metode / tiltak

Fase I-2014:

  • Etablerte fylkesovergripande samarbeid
  • Status i kommunane vart kartlagt
  • Henta inn og formidla kunnskap om velferdsteknologi til kommunane

Fase II -2015:

  • Felles kunnskapsutvikling for alle kommunar
  • Ressursgruppe for kommunal utbygging og velferdsteknologi
  •  Tryggleikspakkar for heimebuande og brukarar i omsorgsbustader
  • Meistring av eigen medisinering
  • Aktivisering med sykkel og video
  • Mobilisering av brukarar

Fase III – 2016

  • Felles fagleg forum og kunnskapsutvikling for alle kommunane i Sogn og Fjordane
  • Integrering fagsystem og test responssenter
  • Brukarinvolvering
  • Gevinstrealisering

Fase IV – 2017

  • Kartlegge status, planar og barrierar blant kommunane og samarbeidspartar i fylket
  • Ansvar, roller, prosedyrar og retningsliner for samhandling mellom Alarmsentralen i Sogn og Fjordane og kommunane
  • Vidareutvikle regionale retningsliner for spreiing av konkrete teknologiske løysingar
  • Spreie verkty for systematisk implementering av velferdsteknologi

Erfaringer

Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?

  • Det er etablert kunnskapsnettverk mellom kommunane i Sogn og Fjordane og organisasjonar på fylkesnivå.
  • Fleire kommunar er i gang med utprøving, eller har teke i bruk velferdsteknologi
  • Gjennom pilot-kommunane har ein fått kunnskap om små-kommune-problematikk ved implementering, samt kunnskap om prosjektstyring og leiarskap, forankringsarbeid og tverrfaglegheit,
  • Det er starta eit utgreiingsarbeid i høve til å etablere Alarmsentralen i Sogn og Fjordane som felles responssenterløysing

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?

  • Publisering av rapportar
  • Arrangering av konferansar på regionalt- og fylkesnivå
  • Innlegg på konferansar på fylkes-, regionalt-, og nasjonalt nivå medieomtale

Resultater

Sidan prosjektet ikkje er avslutta viser vi førebels til  rapportar frå dei ulike fasane.

Samarbeidspartnere

Vestlandsforsking/IT-forum Sogn og Fjordane, NAV Hjelpemiddelsentral, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Eid Vidaregåande skule, Flora,- Eid,- og Gloppen kommune 

Tips en venn Skriv ut