Forsiden/Prosjekter/Organisering, utvikling og teknologi
872549924

«Ein innovativ tenestemodell for demensomsorga i Luster kommune»

Luster kommune ynskjer å utvikle, prøve ut og evaluere ny modell for organisering av det samla tenestetilbodet til personar med demens som bur i eigen bustad. Den nye organiseringa skal stette dei seks strategiske grepa i Demensplan 2020.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane: Tilretteleggar
Ansvarleg: Luster kommune

Finansieringskilde: Helsedirektoratet, USHT (eigenfinansiering)

Prosjektleder: Marta Strandos mast@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2017-2019

Foto: Illustrasjonsbilde 

Bakgrunn

Det er behov for ei betre organisering av tilbodet til personar med demens og deira pårørande i Luster kommune. Brukar- og pårørandeinvolvering må bli betre. Kva er deira ynskjer og behov? Korleis skal kommunen innretta tenesta slik at brukar kan bu godt og trygt i eigen heim så lenge som mogeleg? Korleis sikre eit heilskapleg godt pasientforløp? Korleis gje eit godt tilpassa tilbod? Korleis sikre diagnose til rett tid?

Kommunestyret i Luster har nyleg vedteke «Framtidig tenestetilbod i pleie og omsorg» der det er lagt stor vekt på nasjonale føringar m.a. Demensplan 2020. Kommunen ynskjer å møte utfordringane ved å vere innovative og prøve ut nye arbeidsmodellar som eit av fleire virkemidlar i tenesteutviklinga ovanfor kommunen sine innbyggarar: «Gjennom dette skal vi sikre ei heilheitleg og koordinert teneste slik at vi tilrettelegg for at brukarar som ynskjer det skal kunne bu heime så lenge som mogleg». 

Mål

Prosjektet skal utvikle, prøve ut og evaluere ny modell for organisering av det samla tenestetilbodet til personar med demens som bur i eigen bustad.

  1. Utvikle eit heilskapleg pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassa tenestetilbod.
  2. Etablere system som sikrar: Aktivitet, meistring og avlastning
  3. Demensomsorga skal utvikle seg til å vere ei framtidsretta teneste som tek avgjerder i samråd med brukaren, som er oppteken av kva som er deira mål, behov, ønske for eige liv og som legg dette til grunn for kva tenester som blir levert og korleis dei er utforma.
  4. Det skal utarbeidast ein oppdatert plan for demensomsorg.

Metode / tiltak

Metode:

Følgje stega og nytte verktøy i «Veikart for tenesteinnovasjon»

Tiltak/satsingsområde:

  1. God og proaktiv informasjon om tilboda kommunen har. Utarbeide ein demenspakke som brukar får av lege ved diagnosesetjing med informasjon om:

    -Hjelpemiddel
    -Rettigheiter
    -Koordinator
    -Dagsenter
    -Aktivitetsvenn
    -Støttekontakt
    -Velferdsteknologi

  2. Kartlegge ressursane brukar har. Kva klarar dei sjølv med litt tilrettelegging m.m.
  3. Informasjon og støtte til dei pårørande.
  4. Primærkontakt – fast møte 1 gang i mnd. m/brukar og pårørande.
  5. Dagaktivitetstilbod
  6. Ernæring – matvenn; ta med middag heim og sitje med brukar.
  7. Trening – trimgruppe.

Erfaringer

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre utviklingssentre?

  • USHT bidreg til erfaringsdeling og samarbeid med andre kommunar/demensprosjekt  i eige fylket.
  • Sikre overføring av overgang frå prosjektet
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida. 
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra

Samarbeidspartnere

USHT Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde, næringsliv (Merkur- program), Sogn Frisklivs- og meistringssenter og andre verksemder i Luster kommune

 

 

Tips en venn Skriv ut