Forsiden/Prosjekter
838500250

Spreiing av velferdsteknologi i Sogn og Fjordane («Spreiingsprosjektet»)

Som ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet samarbeider ni kommunar i Sogn og Fjordane om implementering av digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte.

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

Ingen kommunar i Sogn og Fjordane kom med i første fase av nasjonalt program for velferdsteknologi. Det har likevel vore ein sterkt aukande aktivitet på dette feltet, særleg gjennom «Fylkesprosjektet».  Fylkesprosjektet har vore ein sentral drivar, kunnskapsformidlar og organisator for arbeidet i Sogn og Fjordane, og la grunnlaget for samarbeid om søknad på nye nasjonale midlar i 2017.

Målet i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet er at fleire kommunar skal ta i bruk velferdsteknologi i drift. Dei ni kommunane i spreiingsprosektet skal i prosjektperioden implementere digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte. Val av teknologiområde er med bakgrunn i dagens rolle Alarmsentralen i Sogn og Fjordane har som mottaksteneste for tryggleiksalarmar, og vidare arbeid mot responssenter for velferdsteknologi.  

Mål

Kommunane skal i prosjektperioden ta i bruk digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte som ein del av tenestetilbodet.

Metode / tiltak

Kommunane skal:

  • kartlegge dagens situasjon og utfordringsbilde
  • forankre prosjektet i heile organisasjonen
  • beskrive framtidas tenesteforløp
  • velge teknologi innanfor rammene i prosjektet
  • kartlegge gevinstar og kostnader
  • styrke eigen kompetanse innan tenesteinnovasjon og velferdsteknologi

I tett samarbeid med fylkesprosjektet:

  • bidra til å avklare Alarmsentralen si rolle som responssenter og/eller leverandør av velferdsteknologi
  • dele kunnskap og erfaringar med alle kommunane i fylket

Erfaringer

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?

  • Nettverksamlingar for kommunane i fylket.
  • Dialog med kommunalsjefar helse og omsorg i fylket.
  • Innlegg på møter/konferansar lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida.
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra.

Resultater

Prosjektet held framdriftsplanen. Skal søkje nye midlar for aktivitet i 2018.

Samarbeidspartnere

  • Kommunane Eid, Gloppen, Luster, Leikanger, Jølster, Flora, Fjaler, Hyllestad og Førde.
  • Vestlandsforsking
  • KS, Helsedirektoratet, PA Consulting
  • KomUt, Vestlandsløftet og NUIT
  • IT-Forum
Tips en venn Skriv ut