Forsiden/Prosjekter/Kompetanseutvikling
178522173

Traineeprogram for sjukepleiarar

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet for å utvikle eit gjensidig, systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Ordninga er i drift frå 2017. 

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane. Samarbeidspart i prosjektet.
Ansvarleg: Førde kommune, i samarbeid med Flora kommune og Helse Førde.
USHT: Ansvarleg for evaluering av prosjektet

Finansieringskilde: Fylkesmann i Sogn og Fjordane (prosjektleiar, evaluering)

Prosjektleder: Marta Strandos (mast@forde.kommune.no)

Status: Avsluttet

Periode: 2014-2016. I drift frå 2017.

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

Traineeprogrammet er eit målretta tiltak for å møte utfordringar knytt til nye og endra helse- og omsorgsoppgåver. Fleire oppgåver skal løysast i kommunane med støtte frå spesialisthelsetenesta, samt at tenestene må bli meir heilskaplege og koordinerte, både innad i organisasjonane og mellom tenestenivåa.

Det vil vere behov for høg fagspesifikk kompetanse saman med forståing for heilskapen i helsevesenet. Kunnskap og evne til målretta samhandling er sentralt og avgjerande.  Det føreset at tilsette i helsevesenet i større grad enn tidlegare har innsikt i kvarandre sine oppgåver og rammer.

Eit systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar i kommune- og spesialisthelsetenesta kan vere ein god og målretta måte å møte desse  utfordringane på.

Hausten 2012 starta arbeidet med å opprette eit 2-årig pilotprosjekt med traineeprogram for sjukepleiarar i dei 3 organisasjonane: Flora kommune, Førde kommune og Helse Førde. Pilotprosjektet vart gjennomført i 2015-2016 og ordninga er no i drift. USHT og HVL arbeider med rapportering og publisering av erfaringar og resultat.

Mål

Overordna mål:

Pasientar / brukarar opplever godt koordinerte og heilskaplege tenestetilbod i ulike delar av behandlingskjeda

Delmål:

  • Fagleg sterke og trygge  sjukepleiarar med forståing for heilskapen i helsevesenet
  • Betre samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste
  • Auka  samhandlingskompetanse hjå traineeane  og i organisasjonane

Resultatmål:

  • Utvikle, gjennomføre og evaluere ein pilot for eit 2-årig traineeprogram for sjukepleiarar
  • Traineeane får erfaring på tvers av organisasjonar og avdelingar gjennom programmet
  • Utarbeide gjensidig forpliktande samarbeidsavtale mellom deltakande organisasjonar

Metode / tiltak

Modell

  • 2 traineear i kvar av kommunane
  • 4 traineear i Helse Førde

Traineeprogrammet var delt opp i 3 periodar der kvar periode hadde ei lengd på 8 månader:

  • 1. periode i den organisasjonen dei ønskte fast stilling
  • 2. periode i anna organisasjon på anna nivå
  • 3. periode tilbake i same organisasjon som dei starta, men på anna avdeling

Evaluering:

  • Undervegs: Systematisk innhenting av erfaringar og tilbakemeldingar frå traineeane og avdelingane dei var i
  • I etterkant av piloteringa: Ein kvalitativ studie med individuelle intervju av traineeane og fokusgruppeintervju på kvar avdeling. Resultat blir publisert i 2018.

Erfaringer

På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?

  • Evalueringane undervegs var med å legge grunnlaget for å halde fram med ordninga.
  • Prosjektet har gjeve nyttige erfaringar og innsikt i å drive samarbeidsprosjekt på tvers av tenestenivåa.
  • Eit bidrag i å styrke samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, både på individ- og systemnivå
  • Går inn som eit ledd i samhandlingsarbeidet i fylket.

Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?

Eit traineeprogram som går på tvers av kommune- og spesialisthelseteneste er, så langt vi kjenner til, det einaste i sitt slag i landet. Erfaringane frå dette prosjektet kan derfor ha stor overføringsverdi. 

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?

  • Presentasjon på konferansar lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Publisere rapport og evt fagartikkel.
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida.
  • Dele erfaringar med dei som evt tek kontakt for informasjon

Samarbeidspartnere

Kommunane Flora og Førde, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet

 

Tips en venn Skriv ut