Forsiden/Prosjekter
841163652

System for læring og fagutvikling ved omsorgstenesta i Førde kommune

I samarbeid med leiarar for omsorgstenesta i Førde kommune har vi oppretta eit system for fagutvikling og kompetanseheving.

Bakgrunn

Det er auka krav om auka kompetanse og meir trygg praksisutøving i omsorgstenestene. Førde kommune ynskte i samarbeid med USHT å skape rutinar for kompetanseheving og skape meir fagleg fokus.

Mål

Målet med prosjektet var å bidra til meir kunnskapsbasert praksisutøving og implementere innsatsområder i det Nasjonale Pasienttryggleiksprogrammet.

Tiltak

Utviklingssenteret har  saman med einingsleiarar avklart satsingsområder og sett opp felles program for internundervising.  Ressurspersonar  på dei ulike områda vert utfordra til å undervise kollega på tvers av einingane. Satsingsområda var ernæring, lindrande behandling, fallførebygging og etisk refleksjon i grupper.

USHT har ein rådgjevande funksjon med faste møter for ressurspersonar og fagleiarar i einingane, men er også aktivt inne med undervisning i dei ulike tematikkane.

Resultater

Det er auka fagleg fokus i tenestene, og etablert etisk refleksjonsgruppe.

Samarbeidspartnere

Førde kommune og USHT.

 

Tips en venn Skriv ut