Forsiden/Prosjekter
846002754

Lindrande behandling - eit kvalitetsforbetringsprosjekt i Førde kommune

Prosjektet har ført til auka kvalitet og kompetanse i lindrande omsorg og behandling.

Bakgrunn

Det var behov for å auke kompetanse og ein dokumentert standard for  lindrande behandling i kommunen. Det var også behov for å legge til rette for meir  tverrfagleg samarbeid og møtepunkt mellom pasient, pårørande og involverte tenester.

Mål

Målet er yte eit kvalitativt godt tilbod til pasientar med behov for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, samt deira pårørande.

Metode / tiltak

Det vart utforma ein standard for lindrande behandling i Førde kommune. Denne er  basert på Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen, og lokale behov.

For å heve kompetansen vart det gjennomført eit internundervisningsprogram om dei vanlegaste symptoma. Dette programmet vart gjennomført i eit samarbeid med ressurssjukepleiarar i sjukeheim og heimeteneste. Det vart også arrangert to interkommunale fagdagar med eit meir tverrfagleg perspektiv.

Erfaringer

På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?

Det er blitt auka kompetanse og fokus på lindrande behandling i tenestene. Vidare er det utforma dokumenterte verkty som bidrar til betre kontinuitet og kvalitet for alvorleg sjuke og deira pårørande.

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre USHT sentre?

Erfaringar frå prosjektet vil bli spreidd regionalt og lokalt gjennom nettverk i lindrande behandling.

Samarbeidspartnere

Ressurssjukepleiarar i lindrande behandling og kreftomsorg, Kreftkoordinator, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester og Kreftavdelinga i Helse Førde.

Tips en venn Skriv ut