Forsiden/Aktiviteter/Fagnettverk og arrangement
840607602

Fagnettverk eldremedisin/eldreomsorg

Fagnettverket er for tilsette i kommunar og helseføretak. Deltakarane har fått ein felles møteplass med fokus på fag, pasienttryggleik og samhandling.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane (ansvarleg/samarbeidspart)

Finansieringskilde: USHT og  SESAM (eigenfinansiering), Fylkesmannen i S&FJ

Prosjektleder: Marta Strandos (mast@forde.kommune.no)

Status: Pågående

Periode: 2015-

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

På bakgrunn av kartlegging i 2013 tok USHT/SESAM initiativ til å etablere fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg. Nettverket vart godkjent som ein samhandlingsavtale mellom Helse Førde og kommunane i 2014. Denne forpliktar m.a. partane til å delta med faste ressurspersonar på fagdagar.

USHT og SESAM er ansvarleg for drift av fagnettverket. Driftsgruppe og styringsgruppe er sett saman av representantar frå kommune- og spesialisthelsetenesta, Fylkesmannen i S&Fj., Høgskulen på Vestlandet, Senter for helseforsking, S&Fj fylkeskommune, Brukarutvalet i S&Fj (felles for Helse Førde og kommunane).

Mål

  • vidareutvikle trygge, samordna og tverrfaglege helsetenester til brukarane
  • fremje deling av beste kunnskap/praksis
  • styrke engasjementet for arbeid med målgruppa
  • sikre samordning av ressursbruk knytt til fagutvikling

Metode / tiltak

Fagnettverket har vore i drift sidan 2015 og arrangerer to fagdagar i året.

Overordna tema 2015-2016:

Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi.
Innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet:

  • "Rett legemiddelbruk i sjukeheim og heimetenesta"
  • "Samstemming av legemiddellister"

Overordna tema i 2017:

Akutt funksjonssvikt
Innsatsområde pasienttryggleik:

  • Tidleg oppdaging av forverra tilstand
  • Førebygging av underernæring

Overordna tema i 2018:

Ernæring
Innsatsområde pasienttryggleik:

  • Førebygging av underernæring

Erfaringer

På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?

  • Sette aktuelle tema på dagsorden og slik bidra til at det får merksemd i tenestene
  • Koplinga av fagtema og pasienttryggleiksarbeid,  dele dei gode døma, konkrete tiltak som kan gjennomførast i eiga avdeling.
  • Skal gjennomføre evaluering i 2018.

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre utviklingssentre?

  • Innlegg på møter/konferansar lokalt, regionalt, nasjonalt
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida.
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra

Samarbeidspartnere

Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM), Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Kommunane i Sogn og Fjordane,

 

 

 

Tips en venn Skriv ut