Forsiden/Prosjekter/Elever, lærlinger, studenter
Tre ungdommer

Kommunehelsetenesta som læringsarena

Målet er å fremje læring, legge til rette for kunnskaps- og kvalitetsutvikling, og å rekruttere helsefagutdanna til kommunehelsetenesta.

Om prosjektet

Prosjektleder: Toril Marie Terum

Status: Avsluttet

Periode: 2010-2011

Finansiering

USHT i Sogn og Fjordane

Samarbeidspartnere

  • Utviklingssenter for sjukeheimar og heimeteneste, Sogn og Fjordan
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane ved førstelektor Randi Skår

Bakgrunn for prosjektet

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester skal vere pådrivarar for teneste- og kompetanseutvikling, vidareutvikle omsorgstenesta som læringsarena og legge til rette for å forsking. For utviklingssenteret er det med bakgrunn i dette viktig å stimulere til læring og utvikling i omsorgstenestene.

Pågåande prosjekt:

Førde Helsetun som praksisplass og læringsarena

Hensikt og mål

  • kommunehelsetenesta er ein positiv læringsarena for både elevar, lærlingar, studentar og tilsette, og å rekruttere til helsefaglege utdanningar.

Tiltak

Medverke i prosjektet Førde Helsetun som praksisplass og læringsarena. Vidareføre arbeidet knytt til rekruttering, og vidareutvikle praksistilbodet til elevar frå ungdomstrinnet og vidaregåande skular. Arbeide for å knyte til oss mastergradsstudentar, stipendiatar og forskarar, samt medverke til at resultata blir spreidd.

Gjennomføring og resultater

Fokus i prosjektet Førde Helsetun som praksis plass og læringsarena har vore å utvikle tiltak som kan styrke praksis i grunnleggande sjukepleie, knytt til første studieår. Samt å utforske på kva måte det å ha sjukepleistudentar i avdelinga kan stimulere til læring og utvikling også hjå personalet. Så langt er det etablert ei prosjektgruppe som har arbeidd ut forslag til tiltak. Planane er lagt fram for einingsleiarar og arbeidsleiarar ved Førde Helsetun, og vil bli prøvd ut våren 2011. Tiltaka omfattar mellom anna:  Praksisførebuande tiltak  Rettleiing på rettleiing, individuelt og i gruppe  Kopling mellom ulike læringsarenaer  Refleksjonsgruppe I forlenginga av dette arbeidet skal prosjektgruppa utarbeide eit forslag til korleis ein kan legge til rette for praksisperiodar i sjukeheim, også for tredjeårsstudentar. Det vert arbeidd med å rekruttere ungdom til å velge helsefaglege utdanningar. I samarbeid med vidaregåande skule og høgskule er utviklingssenteret på besøk til ungdomsskular for å presentere dei ulike utdanningane og breidden av yrke i kommunehelsetenesta. Elevar vert invitert til å ha praksis ved utviklingssenteret i faget utdanningsval. Det vert laga detaljerte opplegg for desse elevane frå 9. og 10.steget på ungdomstrinnet (link) I arbeid med spreie resultat frå avslutta forskingsporsjekt vil utvikingssenteret inviterer til fagseminar / erfaringsutveksling m.m.

Spredning

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimeteneste, Sogn og Fjordane -

www.fordeutviklingssenter.no
Tips en venn Skriv ut