Forsiden/Forskning
Illustrasjonsfoto: Helsefagelev

MULTICARE - Det fleirkulturelle stabsfelleskapet i norske sjukeheimar

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSVEL og er leia av Senter for omsorgsforsking Vest (SofV). USHT Sogn og Fjordane er særskilt inne i arbeidspakke 3: Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane: Samarbeidspart

Ansvarleg: Senter for omsorgsforsking Vest

Finansieringskilde: Noregs Forskingsråd (NFR)

Prosjektleder: Marta Strandos: mast@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2016-2019

Bakgrunn

Norske styresmakter krev at praksisen i sjukeheimar skal vere basert på forsking. MULTICARE vil bidra til dette gjennom å inkludere leiarar og tilsette på sjukeheimane frå prosjektstart til prosjektslutt, og ved å samarbeide med USHT i Oppland og Sogn og Fjordane.  I samarbeid skal det utprøvast ny kunnskap knytt til leiing av multikulturell stab.

Kunnskap om kva typar av utfordringar og moglegheiter multikulturelle arbeidsfellesskap representerer er viktig for å kunne legge til rette for rekruttering av, og kontinuitet i, omsorgsarbeidsstyrken. Arbeidet, tenesteytinga, i dei kommunale helse og omsorgstenestene er grunnleggande både for berekraft, utvikling og kvalitet i tenestene – det er gjennom arbeidet tenestene vert (re)produsert.

Mål

Forskingsprosjektet skal sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestane og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål er:

  • Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?
  • Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?

Metode / tiltak

Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus;

  1. Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sykeheimer i rurale og urbane strøk
  2. Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa.
  3. Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
  4. Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap.

Ved å nytte ei blanding av ulike forskingsmetodar vil me kartlegge problemstillingane og få innsikt i erfaringane til dei ulike aktørane på, og knytt til, sjukeheimane. Metodane vil mellom anna vere deltakande observasjon, intervju og fokusgruppe-intervju med leiarar, tilsette ved sjukeheimane, brukarar og pårørande.

Verktøy/Materiell

Etterutdanningsopplegg for leiarar ved sjukeheimar/kommunale helse- og omsorgstenester.

Samarbeidspartnere

Senter for omsorgsforsking (vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus, The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL), USHT Oppland og USHT Sogn og Fjordane.

Tips en venn Skriv ut