Forsiden/Aktiviteter/Læringsnettverk
En gruppe mennesker sitter rundt et bord

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga

Nettverket er ein arena for læring og erfaringsdeling, og legg til rette for å heve kompetanse og utvikle miljøbehandling i kommunane i Sogn og Fjordane. 

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane: Rolle: ansvarleg ilag med samarbeidspartane

Finansieringskilde: Støtte av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (kompetanse- og innovasjonstilskot)

Prosjektleder: Marta Strandos mast@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2012-

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

Utviklingssenteret driv nettverket saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Nettverksperioden 2012-2014 gav ei innføring i ulike innfallsvinklar på miljøbehandling gjennom forelesing, konkret metodikk og erfaringsutveksling. Som ein del av programmet arbeidde deltakarane fram ein miljøplan for sin arbeidsstad. Sjå rapport for utfyllande informasjon om aktivitet, evaluering og vurderingar.

Nettverket heldt fram i 2016 med to fagdagar i året. Samarbeid om nettverket gjer det mogeleg å samordne fleire tilbod og aktivitetar overfor kommunane:

  • «LEV VEL – aktive seniorar». Prosjekteigar Flora kommune
  • ABC Musikkbasert miljøbehandling
  • Velferdsteknologi – aktivitet og sosial kontakt
  • POLYFON

Målgruppe: Tilsette innan pleie- og omsorg, helse, kultur, bibliotek. Representantar frå eldreråd og pensjonistlag.

Mål

Målet er engasjerte tilsette med evne til å formidle kunnskap på eigen arbeidsstad, motivere og setje i gang tiltak.

Metode / tiltak

To fagdagar i året.

  • Fagdag vår: Tema blir valgt ut frå lokale og nasjonale satsingsområde
  • Fagdag haust: Tema musikkterapide/musikkbasert miljøbehandling. Kombinerer det med oppstartsseminar i «ABC Musikkbasert miljøbehandling».

Innhaldet i fagdagane:

  • Førelesing/innlegg knytt til tema. Forskingsbasert
  • Konkret metodikk / tiltak i praksis
  • Erfaringsutveksling
  • Forbetringsarbeid

Materiell

  • Rapport (2016): Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga i Sogn og Fjordane 2012-2014.
  • Folder: Nettverksprogram 2012-2014

Erfaringer

På hvilken måte har prosjektet bidratt til utvikling gjennom kunnskap?

Evaluering i 2014 viste at (jfr rapport):

  • nettverket har gjort ein forskjell med tanke på den einskilde sin kompetanse på området, og på utviklingsprosessar i praksis.
  • vi veit lite om det har medført varige endringar av praksis
  • det trengs truleg ei endring i kommunane dersom omsorgstenestene skal bli betre på det sosiale og kulturelle området, sikre heilskapleg tenestetilbod og ha tverrfagleg kompetanse

For at ei slik endring skal skje, trengs det tid og fokus. Difor bør vi halde fram med nettverket, og vi må sjå det i samanheng med andre satsingar og tiltak på dette området.

Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?

Suksessfaktorar (jfr rapport):

  1. Nettverksprogram for heile perioden bidrog til fagleg kontinuitet og heilskap samstundes som det sikra naudsynt variasjon. Det vart føreseieleg for deltakarane og leiarane deira, og forenkla drifta av nettverket.
  2. Nettverkssamlingar med gode førelesarar og ei kopling av forskingsbasert kunnskap og erfaringar frå praksis.
  3. Engasjerte og motiverte nettverksdeltakarar som skapte gode diskusjonar og erfaringsdeling.
  4. Mål og aktivitetar der deltakarane vart utfordra til aktiv deltaking gjennom presentasjonar, aktivitetar mellom samlingane og miljøplanarbeid.
  5. Godt samarbeidet om drift av nettverket.

Hvilke tiltak kan igangsettes for å spre kunnskapen til hele kommunen/evt. andre utviklingssentre?

  • USHT og S&Fj. fylkeskommune har delteke med innlegg på fleire konferansar, m.a. ABC erfaringskonferanse ( Aldring og helse).
  • Dele erfaringar i relevante samarbeidsprosekt, faglege arena, ABC-opplæring.
  • Regionale og nasjonale nettverkssamlingar for utviklingssentra.
  • Omtale på lokal nettside og den nasjonale sida.

Samarbeidspartnere

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet

Tips en venn Skriv ut