Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Musikk i demensomsorga – eit pilotprosjekt

Publisert 03. januar 2014 | Oppdatert 10. mars 2020

Utvikle ein modell for bruk av musikk i grupper for personar med demens. Målet er å styrke personalet til å bruke musikk i kvardagen.

Prosjektleder: Øystein Salhus (fagleg ansvar) og Anne-Sofie Egset (prosjektansvar)
ProsjektlederX: ...
Tema: Forskning
Fylke: Møre og Romsdal
Status: Avsluttet
Periode: 2011-2012
Ferdig: 2012

Med dette prosjektet ønskjer vi å bidra til at musikk blir brukt målretta i demensomsorga. Song og musikk kan bidra til å fylle psykososiale behov, stimulere til sosial kontakt og skape trivsel. Tidlegare studiar har vist at musikkterapi kan føre til reduksjon av uro, angst og depresjon.

Gjennomføring

Hausten 2011 vart det organisert ei musikkgruppe i kvar kommune. I åtte veker fekk koordinatorar veiledning med sikte på å utvikle kompetanse i bruk av musikk for personar med demens. Koordinatorane vart intervjua i etterkant og i april 2012 vart det arrangert erfaringskonferanse ved Høgskulen i Volda.

Samarbeid

Prosjektet er med i nettverket GAMUT (Griegakademiets senter for musikkterapiforskning) og har fått støtte av Såkornmidlar ved Høgskulen i Volda. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda (Avdeling for kulturfag og Institutt for sosialfag), Ålesund kommune (Skarbøvik sjukeheim), Herøy kommune (omsorgstenestene) og Volda kommune (omsorgstenestene).

Spredning

Kunnskap om prosjektet skal spreiast til fagfeltet og til pårørande ved fagdagar, etterutdanning og på vidareutdanninga Musikk i målretta miljøarbeid ved høgskulen i Volda.

Det nye studietilbodet Musikk i målretta miljøarbeid startar i september 2012 og er eit av to emne under studieprogrammet Vidareutdanning for helse- og sosialfag i aktiv omsorg.

Musikk i demensomsorga, Høgskolen i Volda