Forsiden/Prosjekter/Aktiv omsorg
En pasient på ergometersykkel

Rehabilitering – Eit tilbod til eldre i Førde kommune

Måler er å sette rehabilitering i system og å sikre kvalitet. Målgruppa er eldre med rehabiliteringspotensiale.

Om prosjektet

Prosjektleder: Toril Marie Terum

Status: Avsluttet

Periode: 2012-2013

Finansiering

USHT i Sogn og Fjordane

Samarbeidspartnere

USHT Sogn og Fjordane og Førde kommune

Bakgrunn for prosjektet

Helse- og omsorgsdepartementet la hausten 2006 fram ein nasjonal strategi for rehabilitering i helse- og omsorgstenesta. Føremålet er å sikre den einskilde sin rett til nødvendig rehabilitering, og å utvikle desse tenestene.

Strategien legg til grunn at gode rehabiliteringstenester i tilstrekkeleg omfang og til rett tid kan vere ein føresetnad for å redusere den einskilde sitt hjelpebehov, medverke til auka livskvalitet og redusere ressursbruk i omsorgstenestene.

Rehabilitering som føregår i institusjon har avgrensa vinst dersom det ikkje blir følgt opp i kommunen som del av eit heilskapleg tenestetilbod.

Med bakgrunn i dette er to prosjekt under planlegging:

  • Utvikling og implementering av system og rutine knytt til rehabilitering i heimetenesta
  • Etablering av rehabiliteringsplassar ved Førde Helsetun

Førstnemnde prosjekt starta opp hausten 2010.

 

Hensikt og mål

Ei heilskapleg rehabiliteringsteneste for eldre i Førde kommune.

Tiltak

I arbeid med å utvikle og implementere system og rutine knytt til rehabilitering vil ein våren 2011 prioritere å gjennomføre system og rutinegjennomgang, og å utforme eit forslag til nye rutine for oppfølging av eldre brukarar med rehabiliteringspotensiale. Det blir i tillegg viktig å etablere ei ressursgruppe, sette i verk kompetansehevingstiltak, prøve ut dei nye rutinene, evaluere og utforme plan for implementering

Gjennomføring og resultater

Målsetjinga for prosjektet er først og fremst å medverke til at kvar einskild brukar / pårørande er deltakande i å utforme si eiga teneste, er tilfreds med tenestetilbodet i sin heilskap, opplever livskvalitet og redusert hjelpebehov. For Førde kommunen er det i tillegg viktig med god ressursutnytting, og å tilby koordinerte tenester av høg kvalitet

Tips en venn Skriv ut