Forsiden/Forskning
Illustrasjonsbilde Thinkstock

Sjukepleiekompetanse i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane

Prosjektet ynskjer å få fram eit heilskapleg bilde av sjukepleiekompetansen i kommunehelsetenesta.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane. Rolle: Part

Ansvarleg: Høgskulen på Vestlandet

Prosjektleder: Berit.ullebust@forde.kommune.no

Status: Pågående

Periode: 2016-2018

Bakgrunn

Det er auka krav til kompetanse og meir samarbeid med pårørande i kommunehelsetenesta. Det er derfor viktig å få fram  brukarar og pårørande sine erfaringar med tenestene.

Mål

Målet med dette prosjektet er å få del i pårørande si oppleving av  kompetanse og kvalitet i heimeteneste og  sjukeheim.

Metode / tiltak

Prosjektet er ein delstudie i tre fasar. I første fase er det gjennomført undersøkingar av kompetanse hos sjukepleiarar og leiarar i kommunehelsetenesta. I andre fase er det gjort fokusgruppeintervju av pårørande til pasientar i sjukeheim og heimeteneste. Tredje fase er å intervjue pasientar om deira oppleving av kompetansen dei vert møtt med.

Prosjektet vert avslutta med artiklar knytt til dei tre delstudiane.

Samarbeidspartnere

Førde kommune, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

Tips en venn Skriv ut