Forsiden/Forskning
135448176

Stress blant pårørande til heimebuande personar med demens

Det er i dag godt dokumentert at pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde, og at dette kan ha negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv og helse. I denne studien ser vi på samanhengen mellom spesifikke nevropsykiatriske symptom ved demens og pårørande si stressoppleving.

Om prosjektet

Prosjektansvarlig:

USHT Sogn og Fjordane. Samarbeidspart.
Ansvarleg: SESAM

Finansieringskilde: Regional kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) / Norsk forskingsråd, USHT, Sogn og Fjordane v/ Førde kommune, Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde

Prosjektleder: Marta Strandos (mast@forde.kommune.no)

Status: Pågående

Periode: Pågående

Foto: Illustrasjonsbilde

Bakgrunn

Nevropsykiatriske symptom ved demens (NPS) er den pasientvariabelen som i størst grad er assosiert med auka grad av stress hos pårørande. NPS omfattar ei rekke psykiske symptomer og åtferdsforstyrringar. Likevel har det store fleirtal av studiar ei summativ tilnærming, slik at effekten av einskildsymptom i liten grad er undersøkt.

Metode / tiltak

I den aktuelle studien ser vi nærmare på koplinga mellom spesifikke nevropsykiatriske symptom ved demens, og pårørande si oppleving av stress og tidspunkt for innlegging i institusjon. Studien baserer seg på data frå DemVest-studien.

Toril Marie Terum er tatt opp ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1. Hovudrettleiar er senterleiar SESAM/Postdoc Ingelin Testad. Birettleiarar er professor John Roger Anderssen og MD PhD Arvid Rongve.

Erfaringer

Hvilke erfaringer har dere gjort, som dere tenker at andre kommuner kan ha nytte av?

Prosjektleiar/PhD Toril Marie Terum er knytt til USHT/Førde kommune sitt fagmiljø rundt demens, og bidreg m.a. med innlegg på kurs og fagdagar.

Terum deler erfaringar og kunnskap rundt forskingsarbeidet med USHT og eining for fagutvikling i Førde kommunen.

Resultater

  • Artikkel i «International Jorurnal of Geriatric Psychiatry»: The realionship of specific items on the Neuropsychiatric Inventory to caregiver burden In dementia: a systematic review” (2017;32:703-717). Lenke til artikkel: http://rdcu.be/F1S0/

Planlagde publiseringar:

  • Til saman 3 vitenskaplege artiklar
  • Doktorgradsavhandling

Samarbeidspartnere

Studien er finansiert av Regional kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) med midler frå Norsk forskingsråd, USHT Sogn og Fjordane v/ Førde kommune, Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde.

Tips en venn Skriv ut