Aktivitet og fellesskap
På Fjell sjukeheim har me vekentlege musikkterapigrupper med musikkterapeut. Musikken blir her brukt som døråpnar og inngangsport til samtale, trim, deltaking, samspel, støtte og sosiale fellesskapsopplevingar. Monge av deltakerne har komen langt i si demensutvikling, noko som kan gjere det krevande å kople seg på det som skjer, og å ta del i dialog.
Musikkterapeutens jobb er å tilrettelegge for deltaking på den enkeltes premiss, og å vere på jakt etter kva som gjer meistring og kva som skapar engasjement i møtene. Det å ha kjennskap til livshistorie, interessar og personlegdom er avgjerande for å lykkast i arbeidet. Å finne ulike felles haldepunkt som kan hjelpe den enkelte å «koblast» på både musikk og samtale.
Bilete er eit fint medium og brukast på nokre avdelingar. Me brukar SMART-TV, og samtalar rundt det me ser. Musikkterapeut stiller opne og ledande spørsmål, og brukar bakgrunnsinfo for å personleggjere bileta. Monge av bileta er ifrå kjende plassar som er blitt nevnt i tidlegare samtalar om jobb, reise, feriar med bil og båt, fjellturar etc. På ei avdeling hadde alle ei eller anna tilknytning til Nord-Norge; dei hadde budd der, jobba der, familie som kom derifrå, vore på ferie der etc. Her blei det laga til ein powerpoint med bilete frå plassane i Nord-Noreg som folk hadde kjennskap til.
Det å gå tematisk til verks, ser ut til å vere til hjelp for monge, for å lettare ta del, også til å lettare kome med musikkynskjer undervegs. Under Nord-Noreg bileta var songane monge; «hjem hjem langt mot Nord», «Barndomsminne frå Nordland», «Mjelle», «Kjærlighetsvisa», «har du fyr» og «no livnar det i lundar». Ei anna avdeling hadde monge som var oppteken av lokalmiljø og heimplass. Her blei det «bestilt» bilete frå ein hjelpepleiar som tek nydelege fotografi når ho er ute på tur! Dette har skapt gode samtalar knytt til tilhørighet og opphav.
Eksemplane er monge, og kvar samling byr på ulike blikk og opplevingar. Andre bilete-tema: Lokale båtar (sjømannsviser etc), Naturbilete frå ulike årstider (Vår-, Sommer-, høst- og vintersongar). "Blomsterquiz": bilete av kjende blomster - med ein song for kvar blomst (Tulipaner fra Amsterdam, en liten blåveis og blåveispiken, Blåklokker, Edelweiss, Tiotusen røda rosor, Når kastanjene blomstrer etc) og "bunadsprat": bilete av dei ulike bunadene folk har hatt (fedrelandssongar etc). Det er spanande med det ulike «øyet som ser»! Nokre legg merke til det estetiske; fargar, fasongar og følelsar i bileta. Mens andre kommenterer det heilt konkrete; båten ved bryggja, det kjende huset, geografien etc.
Det blir også fortald historiar og laga «kvardagspoesi» utifra det me ser. Me opplever at menneske med ganske ulikt funksjonsnivå evner å delta saman og finne meining i noko saman. Musikkterapeut koplar musikk og samtale saman, og tar utgangspunkt i impulsane og initiativet som kjem ifrå deltakarne i gruppa til einkvar tid. Høgtopplesing av songtekstar som passar saman med bilete, er ein konkret måte å koble folk på og skape deltaking også før musikken startar.
Sitatar ifrå deltakarne: «Det her bilete gjer meg ro og fred, eg kan kjenne lukta av saltvatn» «Å… Der har eg vore, jo!». "Eg elskar blomar! Eg har hatt stor hage, med alt ein kan tenkje seg" «Sjå der ja, himmel og hav i eit. Å nei for himmel rein og klår!».