Pågående
USHT skal i samarbeid med Helse Førde setje i gang ei forbetringsutdanning retta mot leiarar og fagpersonar i kommunar.
I Sogn og Fjordane er om lag 500 tilsette i gang med/eller har gjennomført Velferdsteknologiens ABC. Gjennom å arrangere felles oppstartseminar, utarbeiding av diverse materiell og malar, ynskjer vi å gjere kommunane sjølv-gåande i høve opplæringa.
Fagnettverket er for tilsette i kommunar og helseføretak. Deltakarane har fått ein felles møteplass med fokus på fag, pasienttryggleik og samhandling.
USHT Sogn og Fjordane har sidan 2009, i regi av Nasjonal Kompetanseteneste for Aldring og helse, drive ABC-opplæring i dei 26 kommunane i fylket. Det er inngått underleverandør-avtale i høve Demensomsorgens ABC, Eldreomsorgens ABC, Mitt livs ABC og ABC Musikkbasert miljøbehandling.
Avsluttet
Nettverket er ein arena for læring og erfaringsdeling, og legg til rette for å heve kompetanse og utvikle miljøbehandling i kommunane i Sogn og Fjordane.
Etablert læringsnettverk for leiarar i sjukeheim og heimetenester, der fokus er leiing av pasienttryggleiksarbeid.