Utviklingssentre

Pågående

Periode: 2016-2019 | Sogn og Fjordane | Pågående
MULTICARE - Det fleirkulturelle stabsfelleskapet i norske sjukeheimar

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSVEL og er leia av Senter for omsorgsforsking Vest (SofV). USHT Sogn og Fjordane er særskilt inne i arbeidspakke 3: Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.

Periode: 2015-2020 | Sogn og Fjordane | Pågående
POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi

Kunnskapsklynga POLYFON skal stimulere til kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, samt informasjon og formidling. Kunnskapsklynga består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø som ser at musikkterapi kan bidra til inkludering, deltaking og meir ressurs- og brukarorienterte tenester, og som ynskjer å bidra til utvikling av feltet på ein systematisk og kunnskapsbasert måte. Sogn og Fjordane deltek i POLYFON gjennom eit partssamarbeid mellom fylkeskommunen, helseføretaket, høgskulen og utviklingssenteret.

Periode: 2015-2017 | Sogn og Fjordane | Pågående
Lindrande behandling - eit kvalitetsforbetringsprosjekt i Førde kommune

Prosjektet har ført til auka kvalitet og kompetanse i lindrande omsorg og behandling.

Periode: 2014 - | Sogn og Fjordane | Pågående
Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane

Dette er eit pågåande prosjekt. I fase I vart det etablert eit felles kunnskapsgrunnlag og samarbeidsforum for velferdsteknologi  i Sogn og Fjordane. Dette vart vidareført i fase II, der fleire kommunar starta utprøving av teknologi. I fase III har kommunane gått frå prosjekt og pilotar til dei første operative løysingane. I fase 4 har ein m.a. hatt fokus på responssenterløysing og arbeid knytt til roller, ansvar og rutinar.

Periode: 2017-2019 | Sogn og Fjordane | Pågående
«Ein innovativ tenestemodell for demensomsorga i Luster kommune»

Luster kommune ynskjer å utvikle, prøve ut og evaluere ny modell for organisering av det samla tenestetilbodet til personar med demens som bur i eigen bustad. Den nye organiseringa skal stette dei seks strategiske grepa i Demensplan 2020.

1 2 >

Avsluttet

Periode: 2015-2017 | Sogn og Fjordane | Avsluttet
System for læring og fagutvikling ved omsorgstenesta i Førde kommune

I samarbeid med leiarar for omsorgstenesta i Førde kommune har vi oppretta eit system for fagutvikling og kompetanseheving.

Periode: 2014-2017 | Sogn og Fjordane | Avsluttet
Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod for personar med demens

Dagaktivitetssenteret bidreg til ein meiningsfull kvardag gjennom aktivitetar og meistring. Å komme tidleg inn, få kontinuitet i oppfølginga og å tilpasse aktivitetstilboda har vore viktig.

Periode: 2014-2016. I drift frå 2017. | Sogn og Fjordane | Avsluttet
Traineeprogram for sjukepleiarar

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet for å utvikle eit gjensidig, systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Ordninga er i drift frå 2017. 

Periode: 2016-2017. Tiltak vert vidareført eller jobba vidare med som del av andre prosjekt | Sogn og Fjordane | Avsluttet
Frivillige og kommune hand i hand for betre kontinuitet og samhandling – ny giv i pårørandearbeidet

Systematisk involvering og støtte av pårørande og frivillige: Vi har fått meir kunnskap om kva pårørande og andre frivillige kan bidra med som eit supplement inn mot den kommunale tenesta. Vi har utvikla tiltak i samarbeid med pårørande og auka samspelet mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta.

Periode: 2011 - 2015 | Hordaland | Avsluttet
Tillit fremfor tvang (MEDCED)

De fire utviklingssentrene i vest har veiledet 24 sykehjemsavdelinger, og gitt økt kompetanse om bruk av tillit fremfor tvang til personer med demens.

1