Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Bilde: Senior woman relaxing in chair

Kvardagsrehabilitering – mestring og brukarmedverknad i eigen heim

Publisert 22. september 2016 | Oppdatert 10. mars 2020

Mange eldre ynskjer å bu i eigen heim så lenge det let seg gjere. Dette kan vi oppnå ved hjelp av vedlikehald og/eller opptrening av ulike funksjonar.

Prosjektleder: Kari Valle og Marta Strandos
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Sogn og Fjordane
Status: Avsluttet
Periode: 2013-2015
Ferdig: 2015

Hensikt og mål

Prosjektet har som mål å kunne tilby målstyrt, tidsavgrensa og tverrfaglig rehabilitering for å sikre at brukarar oppnår auka funksjon og deltaking, bur heime med verdighet og meistrar dei kvardagslege oppgåvene sjølv. Hensikta er å oppnå større brukarmedverknad – kva ynskjer brukaren sjølv å utføre?

Tiltak og gjennomføring

USHT har satt i gang prosjektgruppe for å starte kvardagsrehabilitering i vertskommunen Førde kommune. USHT har etablert kontakt med andre kommunar i fylket som arbeider med utvikling på same fagområde.

  • Opprette tverrfagleg team knytt til kvardagsrehabilitering
  • Utarbeide utvalskriterier for målgruppe
  • Utarbeide system og rutinar
  • Utarbeide opplæringsplanar i høve metodikk og motiverande samtalar
  • Utarbeide kompetanseplan i høve heimetrenarar
  • Gjennomføre kvardagsrehabilitering for utvalde brukarar
  • Planlegge og gjennomføre fagdag for alle kommunane i fylket
  • Kartlegge behov for å danne nettverk i fylket