Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Bilde: Red and pink cyclamen flowers for background

Veglo 5 – eit dagtilbod for menneske med demens

Publisert 22. september 2016 | Oppdatert 10. mars 2020

Førde kommune kjøpte ein einebustad med adresse Veglo 5 for å etablere eit dagtilbod for heimebuande med demens.

Prosjektleder: Marta Strandos marta.strandos@forde.kommune.no Andre kontaktpersonar : Bente Lofnes og Toril Midtbø
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Sogn og Fjordane
Status: Avsluttet
Periode: 2013 - 2015
Ferdig: 2015

Tilbodet skal bidra til å gje nødvendig avlastning for pårørande som står i ein krevjande omsorgssituasjon, og bidra til at den enkelte får mulighet til å leve og bu sjølvstendig slik at dei kan bu heime så lenge dei ynskjer og det er fagleg forsvarleg.

Utviklingssenteret har i avtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag, engasjert høgskulelektor Toril Midtbø i ein delstilling for å vere ein ressurs på dagsenteret med rettleiing og faglege innspel.

Mål og hensikt

Arbeidet skal bidra til at heimebuande personar med demens får ein meiningsfull kvardag med fokus på aktivitet, oppleving av meistring, tryggleik og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulere til å halde ved like dagleglivets funksjonar hos brukarane

Tiltak og gjennomføring

Aktivitetar:
Aktivitetane skal vere til glede og nytte, det er viktig å finne balansen mellom aktivitet og kvile. Gode augneblink skal skapast og delast, til dømes via:

  • Velvære
  • Song
  • Måltidsfellesskap
  • Bruke kroppen, plante, plukke stein, plukke bær
  • Handarbeid
  • Markering av høgtider
  • Turar


Pårørande:

  • Tilby pårørande fellesskap/møteplass (ved ettermiddagskaffien kvar mandag, kl 14-15)
  • Telefonkontakt, SMS eller epost med pårørande minst ein gong i veka. Særleg aktuelt for pårørande som ikkje har høve til å møte på dagsenteret (geografi, arbeidstid m.m)
  • Kommunikasjonsbok som skal nyttast minst ein gong i veka
  • Faste individuelle samtaler


Støttekontaktar /frivillige

  • Opplæring og «bli kjend» /møtepunkt; for eksempel at støttekontakten deltek ved kaffistund kl. 14 på dagaktivitetssenteret. Opplæring i høve samhandling med demenssjuke; kommunikasjon, høvelege aktivitetar, korleis takle uro osv.
  • Informasjonsmateriell; verdigrunnlag i tenesta, informasjon om sjukdommen demens, aktuelle artiklar m.m.

Resultat

Utarbeid rutiner og system som ivaretek god kvalitet på dagtilbodet

Samarbeidspartnere

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane v/Toril Midtbø