Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Riktigere legemiddelbruk for eldre i heimetenesta i Tromsø

Publisert 28. februar 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Det var rapportert betra livskvalitet for fleire av dei eldre etter legemiddelgjennomgangen. Me avdekka også behov for meir systematisk oppfølging av legemiddelbehandling spesielt og helsetenester til eldre generelt

Prosjektleder: Jorunn Larsen, Kvaløya heimeteneste
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Troms
Status: Avsluttet
Periode: 2010-2011
Ferdig: 2012

 

Hensikt og mål

Målet var å kartlegge om eit tverrfaglig samarbeid med lege, farmasøyt og sjukepleier ville betre kvaliteten på oppfølginga rundt den enkelte sitt legemiddelbruk i heimetenesta.

Tiltak

Prosjektet vart prøvd ut på ei gruppe på seks pasientar ved Kvaløya heimeteneste.

Det vart etablert tverrfaglege team beståande av fastlege, farmasøyt og sjukepleiar. Desse gjennomførte ein systematisk gjennomgang av legemiddelbruken hjå heimebuande eldre. Erfaringar frå Gjennombruddsprosjektet på Kroken sjukeheim vart lagt til grunn.

Søvnmønster, falltendens, uro og smerteproblematikk vart registrert hjå dei eldre. Det vart teke blodprøvar, vekt og målt blodtrykk. Og ein registrerte plager med tung pust og hudkløe. Dette vart gjort før og etter legemiddelendringar.
 

Gjennomføring og resultater

  • Av heimetenesta sine seks pasientar fekk tre endra eller seponert store delar av sine medisinar
  • Tre pasientar fekk henvising til spesialisthelsetenesta for vidare utredningar; to for undersøking av hjarta og ein for undersøking av tarm grunna mistanke av bløding.
  • Ein annan pasient fikk påvist at diabetesplagene hadde utvikla seg.
  • Det vart rapportert om betra livskvalitet hjå fleire av dei seks brukarane.
  • Ein vart frisk nok til å oppnå målet sitt om å dra i ein konfirmasjon.


Tverrfagleg, systematisk gjennomgang av legemidlar hjå heimebuande eldre byr på større utfordringar enn på sjukeheimen. Kognitive problem hjå enkelte pasientar og store geografiske avstandar kan være kompliserande faktorar, då ein er meir avhengig av eigenrapportering enn på sjukeheimen. Våre erfaringar viser at tilsvarande framtidige prosjekt i heimetenesta må prøve å søke nye løysingar for å betre observasjonsmuligheitene hjå enkelte pasientgrupper.

I heimetenesta har pasientane mange ulike fastlegar, dette fører også til større krav til organisering av det tverrfaglege samarbeidet.

Prosjektgruppa anbefaler at tverrfagleg medikamentgjennomgang vert implementert i heimetenesta og at farmasøyt deltar i dette arbeidet. Den tverrfaglige modellen hevar kvaliteten på helsetenesta rundt den eldre pasienten i heimetenesta.
 

Bakgrunn for prosjektet

Ein kan unngå ein stor del av legemiddelrelaterte problem hjå eldre, dersom den enkelte sin legemiddelbruk vert gjennomgått og justert. Dette må skje regelmessig og systematisk. Helsetilsynet har funne store manglar ved rutinar for legemiddelgjennomgang av pasientar i sjukeheim (7/2010). Og minst éin av ti sjukehusinnleggelsar av eldre på medisinsk avdeling skuldast feil bruk av legemidlar (jfr. Pasientsikkerhetskampanjen «I trygge hender»).

Sommeren 2010 fikk Tromsø kommune, ved USHT Troms, tildelt midler fra Helsedirektoratet til prosjektet Riktigere legemiddelbruk for eldre i sykehjem og hjemmetjeneste i Tromsø kommune. Etter det me har funne ut, var me de første som gjennomførte dette arbeidet i heimetenesta.