Pågående
Prosjektet har ført til auka kvalitet og kompetanse i lindrande omsorg og behandling.
Som ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet samarbeider alle kommunane i frå tidligare Sogn og Fjordane om implementering av velferdsteknologiske løysingar.
Nettverksverktøy til personar med demens, og deira pårørande. Innovasjonsprosjekt der målsetjinga er å lage eit IKT- støtta verktøy for kommunikasjon, nettverksbygging og læring.
Avsluttet
I samarbeid med leiarar for omsorgstenesta i Førde kommune har vi oppretta eit system for fagutvikling og kompetanseheving.
Dagaktivitetssenteret bidreg til ein meiningsfull kvardag gjennom aktivitetar og meistring. Å komme tidleg inn, få kontinuitet i oppfølginga og å tilpasse aktivitetstilboda har vore viktig.
Luster kommune har utvikla, prøvd ut og evaluert ny modell for organisering av det samla tenestetilbodet til personar med demens som bur i eigen bustad. Den nye organiseringa skal stette dei seks strategiske grepa i Demensplan 2020.
Dette er eit interkommunalt prosjekt mellom Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Gjennom prosjektet er det utvikla ein felles modell for korleis komme tidleg i kontakt med den demenssjuke og pårørande, og sikre systematisk oppfølging etter demensdiagnosen.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet for å utvikle eit gjensidig, systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Ordninga er i drift frå 2017.