Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Det gode dagsenteret i heimetenesta – eit inspirasjonshefte

Publisert 23. mai 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Eit inspirasjonshefte for drift av dagsenter for eldre: «Der alle mestrer noe». Heftet er basert på 17 års erfaring.

Prosjektleder: Elisabet Sausjord elisabet.sausjord@tromso.kommune.no
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Troms
Status: Avsluttet
Periode: 2013 - 2015
Ferdig: 2015

Bakgrunn

Samfunnet er i endring, mange menneske bur no åleine, og fleire eldre kan kome i fare for ende opp i sosial isolasjon. Dette er særleg eit problem om ein får demenssjukdom eller andre plager som kan hindre livsutfaldinga. Dagsenter kan på ulike måtar også vera med på å førebygge sjukdom, og tiltaket kan utsetje behov for meir omfattande helsetenester som til dømes sjukeheim. Men då er det ikkje likegyldig korleis ein driv dagsenteret, det er viktig med god bemanning, riktig organisering og høg kompetanse hjå dei tilsette. Alt dette såg me ved Nordøya dagsenter i Tromsø.

Ved Utviklingssenter for heimetenester i Troms er me opptekne av korleis fagfolk lærer i arbeidskvardagen og utviklar sin praksis. Me såg at Nordøya dagsenter sin kunnskap og viktige erfaringar var vel verdt å dele med andre som driv eller skal starte opp med tilsvarande aktivitet. Det har vore auka aktivitet i oppstart av nye dagsenter i den kommunale helse- og omsorgstenesta dei siste åra på grunn av store behov og utlysing av tilskotsmidlar frå Helsedirektorat

Mål og hensikt

Å dokumentere og løfte fram erfaringskunnskap frå praksis – Inspirere og bidra med fagkunnskap til andre som arbeider ved eller skal starte opp dagsenterdrift:

«Æ vesst ikkje at det lå så mange tanka bak». Dette sa ein pårørande hausten 2013 etter å ha høyrt leiar Britt Hermansen halde foredrag om Nordøya dagsenter i Tromsø. Ved å fortelje om sine erfaringar etter 17 års drift, fekk ho fram kor mykje kunnskap som ligg bak arbeidet. Me såg det som viktig å føre desse erfaringane i pennen for på den måten bidra til at fleire fekk ta del i denne kunnskapen.

Nordøya dagsenter er eit tiltak for personar med demenssjukdom eller andre eldre med utfordringar i høve til funksjonsnivået i dagleglivet. Senteret arbeider i tråd med lokale og nasjonale føringar. Desse legg på ulike måtar vekt på at omsorgstenestene må organiserast slik innbyggjarane så langt som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære i fellesskap med andre.

Tiltak og gjennomføring

Me sette saman ei prosjektgruppe basert på representantar frå heimetenesta og leiar for dagsenteret. Alle medlemane har arbeida saman ved Nordøya heimeteneste i 10 til 20 år, og alle har ulike måtar følgt utviklinga ved dagsenteret.

Me sette opp disposisjon saman og møttes for gjennomgang av materialet og redaksjonelle endringar med jamne mellomrom. Hovudforfattar var avdelingsleiar for Nordøya dagsenter, Britt Hermansen  .

Prosjektleiar og redaktør var fagleiar ved UHT, Elisabet Sausjord

Prosjektmedarbeidarar; Sidsel Stellander, avdelingsleiar, og Kari Torgersen, fagkonsulent, frå Nordøya heimeteneste  

Både demenskoordinator i Tromsø kommune og leiar ved Senter for omsorgsforsking Nord Noreg bidrog med gjennomlesing og kommentarar

Resultat

Me har laga eit inspirasjonshefte med erfaringar frå eit veldrive dagsenter i Tromsø. Kan lastes ned her.

Tema er m.a.: Søknad og motivasjon, samarbeid med heimesjukepleia, litt om kven brukarane er, ulike aktivitetar, organisering av miljøarbeidet og personalet som rollemodellar, om å redusere stress og førebyggje sjukdom, avlasting og støtte til pårørande.

Samarbeidspartnere

Nordøya heimeteneste – ved Nordøya dagsenter og avdeling Håpet.