Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Bilde: College students in a computer lab

Bruk av web-baserte synkrone medier i veiledning, undervisning og møtevirksomhet

Publisert 28. februar 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Hovudmålet er å sjå om synkrone medier kan effektivisere og betre kvaliteten på rettleiinga i sjukeplearutdanninga si praksisperiode, og om dette hemmar eller fremjer samhandling mellom dei involverte aktørane

Prosjektleder: Fred Johansen
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Oppland
Status: Avsluttet
Periode: 2011-2012
Ferdig: 2012

Finansiering

Norgesuniversitetet

Samarbeidspartnere

  • UHT Oppland
  • Høgskolen i Gjøvik
  • Karlstads Universitet
  • Universiteter for miljø- og biovitenskap

Bakgrunn for prosjektet

HiG står framfor eit stort arbeid med å vidareutvikle den desentraliserte sjukepleiarutdanninga, og vil nytte erfaringar frå ingeniørstudiaa mtp. fleksible utdanningsmodellar. Det er eit utstrekt samarbeid med kommunane ved gjennomføring av praksisdelen, og prosjektet bidreg til metodekompetanse i bruk av synkrone medium for daglege rettleiarar, lærarar og studentar. Utviklingssenter for heimetenester, Oppland er utprøvingsregion for prosjektet.

Hensikt og mål

Hovudmålet er å sjå om synkrone medier kan effektivisere og betre kvaliteten på rettleiinga i sjukeplearutdanninga si praksisperiode, og om dette hemmar eller fremjer samhandling mellom dei involverte aktørane.

Tiltak

- Gjennomføre eit konkret antal utdannings-/rettleiingssekvensar innan dei valde studieprogramma - Definere eit felles evalueringsopplegg

Gjennomføring og resultater

Dei tilsette på Høgskulen som er involvert i sjukepleiarane si praksisperiode i lag med daglege rettleiarar i kommunane skal få opplæring og ta i bruk synkrone medier for praksisrettleiing. Det blir gjennomført eit opplæringseminar for desse våren 2011. I samband med denne opplæringa er det viktig å innhente erfaringar frå samarbeidspartane. Gjennom hausten 2011 vert det gjennomført undervisnings- og rettleiingssekvensar gjennom synkrone konferanseteknikkar. Forventa resultat: - Samarbeidet mellom partane skal gje kvar aktør auka kompetanse innan emnet, og legge til rette for auka bruk av synkrone media i utdanninga. - Metoda skal effektivisere og redusere kostnaden til rettleiing i praksisperioden på sjukepleierutdanninga - Rettleiinga skal få høgre kvalitet ved auka tilgjenge og omfang - Prosjektet skal kunne identifisere parametre som bidreg til auka samhandling og meir tilfredse studentar ved bruk av synkrone media.

Spredning

Konferanseinnlegg, artiklar og rapportar