Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Systematisk ernæringsarbeid i heimesjukepleia i Tromsø

Publisert 28. februar 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Systematisk ernæringskartlegging og oppfølging ga positive resultat for pasientane sin ernæringsstatus, men det krev ressursar i form av gode fagkunnskapar, god fagleg leiing, god organisering og tid

Prosjektleder: Birgitte F. Åbotsvik birgitte.forsaa.abotsvik@tromso.kommune.no
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Troms
Status: Avsluttet
Periode: 2011-2013
Ferdig: 2013

Underernæring fører til mange negative helsekonsekvensar og mykje liding. Ca. 10% av heimebuande sjuke eldre er underernærte og dette fører til auka behov for heimetenester, fleire legebesøk og sjukehus innleggelsar. Dette kjem fram i Nasjonale faglige retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring som Helsedirektoratet ga ut i 2009. To år etter den kom ut var retningslinene ikkje tekne i bruk eller gjort kjent i heimetenesta i Tromsø kommune, og det var lite systematisk og dokumentert informasjon om pasientane sin ernæringsstatus. Utviklingssenteret for heimetenester i Troms laga difor et prosjekt for å prøve å implementere retningslinene i Tromsø kommune.

Hensikt og mål

Å utvikle gode, hensiktsmessige og felles rutinar for å gjennomføre intensjonar og krav i dei nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring. Slik skal underernærte pasientar og pasientar i ernæringsmessig risiko bli identifisert og få riktig og målretta behandling.

Tiltak og gjennomføring

  • Me organiserte ein tredelt prosjektmodell med styringsgruppe (fagleg og politisk forankring), prosjektgruppe og ressurspersoner ved kvar enkelt avdeling.
  • Informasjon og undervisning av personale i samarbeid med ernæringsfysiolog frå spesialisthelsetenesta, der me inviterte representantar for heile heimetenesta i Tromsø kommune.
  • Utveljing av skjema (MNA) og systematisk ernæringskartlegging.
  • Pasientar med underernæring eller i ernæringsmessig risiko fikk tilpassa behandling og oppfølging.
  • Utarbeiding av hensiktsmessige felles rutinar beskrivas i prosjektrapporten (pdf)

Resultater

Kartlegging i heimetenesta i Tromsø viste at nær 10 % av pasientane er underernærte og 30-40 % i risiko for underernæring. Tala samsvarar med tilsvarande undersøkingar (Sørbye, 2003).

Ved og setje inn målretta tiltak fekk me positive resultat i form av betra ernæringsstatus hjå pasientane. Prosjektet har vist korleis systematisk ernæringskartlegging rutinemessig kan gjennomførast og at dette gir gode resultat, men at det er mange hindringar i vegen. Det har vore utfordrande å drive implementeringsarbeid i ein stor kommune med mange einheiter og avdelingar med ulike arbeidsmåtar og kulturar. Det tek lang tid å endre leiinga og personalet sin bevisstheit og innføre nye arbeidsrutinar i praksis, sjølv om alle i utgangspunktet var einige i prosjektets mål. Prosjektet har avdekka manglar i dokumentasjon av helsehjelp, små og svake fagmiljø, stort tids- og arbeidspress, svak fagleg leiing enkelt stader lokalt og manglar i overordna styring og visjonar i kommunen på tema ernæring.

Prosjektet resulterte i konkrete rutineforslag for å ivareta krava i retningslinene:

  • Registrere høgde og vekt
  • Gjennomføre kartlegging ved hjelp av MNA
  • Iverksetje tiltak og etablere regelmessig vektkontroll
  • Evaluere tiltak etter ei tid
  • Dokumentere prosessen i Profil


Neste steg er utvikling av Fagnettverk i Troms i samarbeid med USH Troms. Første felles fagdag er planlagt november 2013.