Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Bilde: Blooming meadow.

Plan: Samarbeid om etisk kompetanseheving

Publisert 28. februar 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Innføring av etisk refleksjon i alle avdelingar, etablering av tverrfagleg etisk råd og andre tiltak.

Prosjektleder: Åse-Kari Kobbersletten
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Oppland
Status: Avsluttet
Periode: 2010-2012
Ferdig: 2012

Samarbeidspartnere

Bakgrunn for prosjektet

Etikk er eit av dei seks fagområda i prosjektet utviklingssenter for omsorgstenester i kommunane Vågå, Lom og Skjåk. Etisk kompetanseheving inngår som ein del av regjeringas strategi for å styrke kompetansen i omsorgstenesta. - St.meld.nr.25 (2005-2006)

Hensikt og mål

Heve kompetansen og bevisstgjering i Etikk.

Tiltak

  1. Innføre etisk refleksjon i alle avdelingar.
  2. Sikre oppdatering av aktuelle lover og forskrifter for personalet på alle avdelingar.
  3. Nytte etikk som eit fagfelt for elevar, lærlingar og studentar i kommunen
  4. Etablere tverrfagleg etisk råd, felles for dei tre kommunane. Etisk råd skal kunne analysere, og koma med handlingsalternativ med mogleg konsekvensutgreiing i etiske dilemma.

Gjennomføring og resultater

  • Hovudfokuset i 2010 er å etablere fagnettverk i etikk. Fagnettverket skal vera ressurspersonar i sine respektive kommunar. Noko av midlane går til kurs for fagnettverket og etterutdanning i etisk refleksjonsveiledning for prosjektmedarbeidaren.
  • Marknadsføre prosjektet i avdelingane i dei respektive kommunane. Samarbeidsmøter og avtaler med dei ulike avdelingsleiarane er nødvendig.
  • Etablere refleksjonsgrupper og møteplassar.
  • Arrangere felles fagdag i etikk og brukarmedverknad i samarbeid med KS. Invitasjon til denne fagdagen går i tillegg til tre andre kommunar, brukarråd og lokalmedisinsk senter.
  • Etablere interkommunalt etisk råd i samarbeid med lokalmedisinsk senter.

Parallet med dei ulike tiltaka, vil vi nytte registreringsskjema for å få kunnskap om kva for yrkesgruppe/utdanning vi treffer i arbeidet med etikk og brukarmedverkand. Resultatet skal samliknast med kompetansekartlegging i tenesta forøvrig.

Forventa resultat:

Auka kompetanse og fokus på etikk og refleksjon. Delprosjektet skal utvikle og heve kompetansen i etikk slik at kommunale tenesteytarar blir tryggare i korleis ein samtaler og samhandlar på ein måte som blir opplevd som god, respektfull og trygg for tenestemottakaren. Dette er kompetanse som er vanskeleg å kartleggje, men alle tre kommunane har gjennomført brukar- og medarbeidarundersøkingar tidlegare, og skal gjennomføre dette på nytt. Tal og analyse kan gje eit grunnlag for kva retning tenesta går i.

Spredning