Alle prosjekter

Tema

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:

Læring i arbeid i heimetenesta i Tromsø

Publisert 28. februar 2017 | Oppdatert 10. mars 2020

Korleis fungerer arbeidsplassen vår som arena for læring? Prosjektet viser at tilsette i heimetenesta i Tromsø ønskjer meir tilrettelegging for refleksjon og utviklingsarbeid

Prosjektleder: Elisabet Sausjord
ProsjektlederX: ...
Tema: Annet
Fylke: Troms
Status: Avsluttet
Periode: 2012
Ferdig: 2012

Hensikt og mål med prosjektet

Målet var å auke bevisstheita og kunnskapen om korleis me lærer i det daglege arbeidet. Me ville ha eit grunnlag for å ta vare på det beste frå kvardagslæringa, og for å kunne arbeide meir systematisk med utviklingsarbeid på arbeidsplassane.

Bakgrunn for prosjektet

Korleis fungerer arbeidsplassen vår som arena for læring?
Korleis opplever personalet at dei lærer i kvardagen i heimetenesta?
Kva hindrar læring i praksis?

Dette var noko av spørsmåla me stilla oss ved Utviklingssenter for heimetenester i Troms. Ein reknar med at 70 % av all kompetanseutvikling føregår som læring i praksis (Kirchhoff 2005). Me tenker som oftast i retning kurs og utdanning når me snakkar om fagutvikling i heimetenesta, og me tykte me visste lite om det daglege utviklingsarbeidet og læring i kvardagens praksis. Personalet handterer mange ulike grupper pasientar frå personar med demenssjukdom og deira pårørande, pasientar med KOLS og kreftsjukdomar, nevrologiske lidingar og rusproblem med meir. Pasientar og pårørande ventar å møte eit helsepersonell med adekvat kompetanse, og spørsmålet er om det er rom for nødvendig læring og utviklingsarbeid i kvardagen.
 

Tiltak og gjennomføring

Vinteren 2010/2011 intervjua eg seks grupper beståande av ulike fagpersonar ved to einheiter i heimetenesta i Tromsø. Einheitene består både av distrikt og bysentrum. Dei har til saman 700 brukarar, og mangfaldet er stort med både eldre og yngre funksjonshemma og utviklingshemma. Der er ordinær heimeteneste, omsorgsbustader for eldre og yngre og miljøteneste.

Resultata frå intervjua vart samanfatta i rapporten «Læring i praksis» og delt inn i følgjande tema:

  1. Livets skule; nokre refleksjonar om kunnskapen i heimetenesta
  2. Identifisering av læringsarenaer i heimetenesta 
  3. Tid, tilrettelegging og leiar sin rolle
     

Resultater

Sjukepleiarar, hjelpepleiarar, vernepleierar og omsorgsarbeidarar identifiserte viktige læringsarenaer i sin heimetenestepraksis med stort engasjement. Samtidig kom det fram eit behov for meir tilrettelegging for refleksjon og utviklingsarbeid. Personalet peika på hindringar for læring i praksis, og at ein del kunne vore sett i system og teke betre vare på. Mangel på tid og tilrettelegging var dei viktigaste hindringane som dei peika på. I det daglege opplever dei ofte manglande verdsetjing av behov for læring og utviklingsarbeid i heimetenesta.

Dette materialet gir oss eit viktig kunnskapsgrunnlag for å ta vare på det beste av kvardagslæringa, og å arbeide meir systematisk med utviklingsarbeid i heimetenesta i Troms.